I Want You Singel av Bob Dylan frå albumet Blonde on Blonde | ||
B-side |
«Just Like Tom Thumb's Blues» (konsertutgåve) | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | juni 1966 | |
Innspelt | 10. mars 1966 | |
Sjanger | Folkrock | |
Lengd | 3:07 | |
Selskap | Columbia | |
Komponist | Bob Dylan | |
Tekstforfattar | Bob Dylan | |
Låtskrivar(ar) | Bob Dylan | |
Produsent | Bob Johnston | |
Bob Dylan-kronologi | ||
«Rainy Day Women #12 & 35» (1966) |
I Want You | «Just Like a Woman» (1966)
|
«I Want You» er ein song av Bob Dylan på albumet Blonde on Blonde frå 1966. Han vart òg gjeven ut som singel i lag med ei konsertutgåve av «Just Like Tom Thumb's Blues» i juni same året. Singelen nådde 20. plass i USA og 16. plass i Storbritannia.
Det har vorte hevda at songen er om Anita Pallenberg, som då var kjæraste med Brian Jones frå The Rolling Stones.
Songen vart spelt inn tidleg på morgonen den 10. mars 1966 og var den siste songen Dylan spelte inn for Blonde on Blonde.[1] Han kom ut på singel i juni det året, kort tid før albumet kom ut.
Det vart spelt inn tre komplette opptak av «I Want You», der det siste opptaket, med gitar lagt oppå, vart masterversjonen. Heile innspelinga vart gjeven ut på den 18-plater store samlarutgåva av The Bootleg Series Vol. 12: The Cutting Edge 1965–1966 i 2015, og det nest siste opptaket vart òg gjeven ut på seksplatersutgåva og dobbeltutgåva av dette albumet.[2]
Dylan framførte «I Want You» som ein langsam ballade på verdsturneen sin i 1978, som ein kan høyre på Bob Dylan at Budokan, som kom i 1979. Dylan spelte òg songen på turné med Grateful Dead. Versjonen deira finst på Dylan and the Dead frå 1989.
B-sida til singelen var eit konsertopptak av «Just Like Tom Thumb's Blues» spelt inn i Liverpool i England ved Odeon Theatre den 14. mai 1966.
© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search